onsdag, desember 22, 2010

Pynta til julefest

Eg las nyleg stylingsekspertane sine klare tips til julefestpynting:
"Det hjelper ikke med chic kjole og fjong frisyre hvis lanken er lurvete.."
og
"Det er viktig å ha velstelte hender - hver dag. Elles hjelper det lite å pynte seg..."
...så eg såg ned på dei stakkars hendene mine, som dagleg er i kontakt med vaskevatn, silofôr, skit, kaldt klima og div anna... Ei avkutta sen på ein finger (som nå er sydd og forhåpentleg fiksa), fører i tillegg til at venstre hand er kledd med ein lekker bandasje...
...og tenkjer at det for min del er best å halda hendene fint under bordplata på julefesten (dette året òg).


jaja, uansett...pynta eller ei;


GLEEEEEEDELEG JUUUUUL!! ;)



Beste helsing Bakkajentene

Ü

mandag, desember 13, 2010

Det e DEN tido nå ja...

Ka tid då?




Desember, advent og snart jul ja.







Men d e òg tido for å gå m vèren. Paringstida er snart øve.
"Lookin` for some hot stuff, baby this evenin`..."



Så kan Ruggen, Sveinung og Lasse få kvila seg eit heilt år...

Ei lita julegåte...

Er det verkeleg slik?

Det var ein gong ein perfekt mann og ei perfekt kvinne.
Dei traff kvarandre, og sidan forholdet deira var perfekt, så gifta dei seg.

Bryllupet deira var perfekt, og livet deira som gift par var òg perfekt.

Ei julaftan det snødde kraftig, kjørte det perfekte paret på ein svingete veg. Plutseleg såg dei nokon som stod i vegkanten og hadde punktert.

Det var julenissen med sekken full av pakkar.

Sidan dei ikkje ville skuffe alle barna, tilbaud dei nissen å sitje på med dei, slik at han rakk å dele ut alle pakkane.

Dessverre vart vèret endå dårlegare, og dei tre kom ut for ei ulykke.

Bare ein av dei tre overlevde. Kven???

(tenk, før du ser svaret...)






































Sjølvsagt var d kvinna som overlevde.

Ho er den einaste av dei tre personane som eksisterer i verkelegheten...

Alle veit at julenissen og den perfekte mannen ikkje eksisterer.

For kvinner slutter historien her. Menn kan lese vidare.





Bonus for menn:

Dersom nissen og den perfekte mann ikkje eksisterer, så betyr det at det var kvinnen som kjørte.

Det forklarer ulykka.....


......og ein ting til: Om du e kvinne og leste slutten av historien, så beviser det at:


Kvinner gjer aldri som dei blir fortalt... ;)

torsdag, oktober 21, 2010

Haust

Det er lenge sidan oppdatering. Det er slutt med varme dagar og lyse kveldar. Løo er blitt raud i løpet av sommaren, me har samla sauer, frisert sauer, sendt sauer til skogs igjen. Ute har kydno og ungdyr gått ute - til idag. Idag kom den første snøen. Men med god haustpels er det jo ingen problem :-) Alltid godt å vera ute og lufta seg, men kjekt å komma inn også.

Kviga 332


Søs sitt nye prosjekt: maisdyrking.
Neste år skal korna tidlegare i jord. Kolbane skulle hatt litt lengre modningstid.
Men kydno seier seg alle enige i at maisen på Bakka smakar godt.

Kviga er nøgd med frisøren sin jobb.
Det er så behageleg at ein ikkje treng grima på ein gong.
Og litt kos kan ein jo aldri seia nei takk til....^
*****
Idag har det vore vandreutstilling i Suldal. Miss Suldal skal kåras.
Søs har meldt på 4 kyr til utstillinga - som alle har blitt målt, kjent på og vurdert opp og i mente.
Sokka, Hjertrud, Drople og Rosa var nok ikkje heilt sikre kva dei hadde gjort for å fortjena all oppmerksomheten dei fekk.
I kveld får me sjå kva resultatet blir.


torsdag, juli 29, 2010

1060 moh; ViNjeRocK




"Hun er en båt uten anker
Hun har hue fullt av tanker
Og et hjerte som banker
For ting som hun tror på
Hun har ikke sko på
Hva er det du glor på
Din straite dust
Hun er ikke intressert i penger
Eller gull og grønne enger
Eller tull i myke senger
Med en pappagutt som deg
Så du kommer ingen vei
Med å leke helt for henne
For det som får a` til å tenne er en gjennomført frik
Slik som han som er på vei bort hit... "

(Hun er fri; Raga Rockers)

onsdag, juli 07, 2010

Stranddalen ein lys sommarkveld

Hadde ein kjempeflott tur til Stranddalen tysdagkveld.
Overskya og passe temperatur. Perfekt.

Start 17.30. Heima 22.30.
Hadde ein times pause inne i hytta der me fekk servert kaffi og lappar. Kjempe godt!


Judith, Sigrid og Torhild på veg heimover.


Dette må me gjera oftare!!!!



Om å vera landkrabbe...

Tøtter som prøver seg.
Strekka grenso litt til.
Ikkje berrre berre.....

fredag, juni 25, 2010

Juni


Onsdag feira me Jonsok nede ved nausto. Lika koseleg som alltid.
Bålet mangla, men grilling og pilkast fekk me prøva oss på.
Etter veker med sol, er graset komme i siloane og tørrhøyet inn på løo.
Bøndene er nøgde med regnet som kom - og ungkarane blei møtt med skittlukt i Suldal.
Ikveld skal Geir og Bakkatøttene ++ sørga for at ungkarane får seg grillmat.
Lordagkveld er tøttene klare for Vassendgutane!
:-)
*God helg*


søndag, juni 20, 2010

Landbrukspolitikkens kongelige dom

"Debatten om norsk jordbrukspolitikk har rast i spaltene etter årets jordbruksoppgjør: "Et godt oppgjør", har landbruksministeren konkludert, til sterke protester. Nå får norsk landbrukspolitikk en dom som verken minister Brekk eller regjeringen for øvrig kan overhøre: Det norske kronprinsparet klarer ikke å få økonomi i driften av Skaugum, og sender dyra til slakteriet.

Om noen i Norge skulle klart å få til en økonomisk drift, burde det være eierne av en av landets største gårder. Målt etter produksjonstilskudd er Skaugum blant de 200 største. En variert produksjon av korn, fòr, melk og kjøtt burde gitt muligheter til å gå i null - sjøl med utgifter til gårdsbestyrer.

Kronsprinsparet begrunner sitt farvel til dyreholdet med at "andre bønder kan bruke sin egen arbeidskraft i gårdsdriften", noe som er umulig for dem når de har ein annen jobb. Det er forståelig nok. Men vet kronsprinsparet at en stor andel av norske bønder driver nettopp slikt dobbeltarbeid hver eneste dag? For mange er det helt nødvendig å ha inntekter utenom gården. Den gjennomsnittlige årsverksinntekten på 208 000 kroner (2009-tall) kan vanskelig dekke inn renter og avdrag, pluss utgiftsøkninger på viktige områder som kraftfòr og gjødsel.

Norsk matproduksjon subsidieres av mange enkeltpersoners dugnadsinnsats. Inntekter hentet fra jobb i regnskapslag og skoleverket og fra tomtesalg og hytteservice, plasseres i driftsbygninger og melkeroboter. Inntektsnivået i jordbruket er rett og slett for svakt til å tåle investeringer.

Den som trodde dette kun gjelder for små- og mellomstore bruk kan glemme det, etter gårsdagens nyhet om nedlegglesen av Skaugum. Den kongelige dommen over norsk jordbrukspolitikk er knusende og korrekt.

Kongehusets tilknytning til næringa gjennom driften av Kongsgården og Skaugum, har hatt - og har - en symbolsk betydning. Derfor er dagen i dag en trist dag for norsk landbruk. Samtidig kan nyheten om nedleggelsen av Skaugum være nyttig for norske bønder. Det kan heretter aldri være tvil om at de økonomiske rammevilkårene for næringen er for dårlige."

(Pernille Huseby, politisk redaktør i Nationen)

onsdag, juni 02, 2010

Din veg

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjente,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.


Olav H. Hauge (Under bergfallet, 1951)

mandag, mai 17, 2010

Frå gamle dagar :-)

Dette avisutklippet har me vist før på bloggen vår.
Vekker gode minner.
Passa godt å visa det igjen, synes eg! :-)

Langhelg i mai

Lemminga er over for i år.
Bakkatøttene går i mot ei rolegare tid. I alle fall når det gjeld nattestid.
Storatøtto hadde bursdag i april og fekk blåtur i gåva av Geir.
Me havna på Spa-hotellet Velvære på Hjelmeland.
Der fekk me prøvd skrubb og massasje, basseng, boblebad, badstu og steambad.
Og MASSE god mat.
Lordag var me ein tur opp på preikestolen (i lag med ein del andre...).
Første gong for oss begge, så greit å ha vore der.
Geir i massasjestolen "vår".

Årets 17.mai vart feira på halvøyno. Nina og eg kjempa mot kvarandre i ulike greiner.
Nina vann glatt over meg i mjølkespannhalding.
Medan eg knuste ho i spikring.
Naturleg nok legg eg ut bilete frå spikringa.
Ein flott dag!

P.s. storatøtto vann forresten i konkurransen skyting med salonggevær.
Klasse: damer over 10. klasse.
På innebane (MED elektroniske skiver!!)
:-)
Hipp hipp hurra for Norge!!




søndag, april 18, 2010

Kato

Sko nok vore litt meir som Kato dei kommande vekene, når lemming og vinna set inn for fullt...
Men eg får klara meg med det eg har...





søndag, april 04, 2010

fredag, april 02, 2010

Påske 2010

Skjærtorsdag var me ein gjeng som gjekk oppover mot Såto.
Me kom halvvegs.
Bles godt jo høgare me kom opp på heio.
Kjekt å prøva skio etter å ha hatt dei på akslene ei stund oppover...

Langfredag vart det familietur heim stegane.
På føtene.
Med bjørkeved og pølser i sekken.


Påsko er ennå ikkje slutt.
Me satsar på solskinnsdagar med ski på beino.
God påske!

tirsdag, mars 16, 2010

nothing runs like a deere




Kva anna kan ein seia.
Gratulera til bonden med nye hjelpar.
Johnnyboy

mandag, februar 15, 2010

Søndag 14.februar

Tasen er blitt 15 dagar alt. Største kalven som er kommen til gards i manns minne. Det er ein utvaksen konfirmant som ligg i kalvegarden og skyt jorten som om han ikkje har gjort noko anna i heile sitt liv. Far: 10115 Raastad. Mor: 295 Raudsi.




Og sånn elles ser bonden fram til å få ny traktor til gards. Då er denne boka frå 1960 grei å kikka litt i. :-)


Søs og eg var ein tur på heio igår. Gjekk inn til Mestødl og åt kyllingsuppa. Skremmande lite snø!! Satsar på at det kjem litt meir før påske..

fredag, januar 22, 2010

2010-2010-2010-2010

Nytt år, nye muligheter!
Nå er det jammen meg på tide med nytt innlegg, søs!
Det nya året starta med spysjuko for litlesøs, og vakt for storesøs.
Elles har ein del av fritido gått til skeissing på suldalsvatnet. I Veka. Bilete kjem kanskje seinare? Kanskje fim? Time will show.
Sånn elles går det i skogen, mjølking, kjøra bil, shopping og salg i haugesund, kosa med kalvar, inseminera...ja, eg kan nemna i fleng.... :-)
Til helgo har søstrene fri. Ferdo går då til Hovden/Barcelona. Mest sannsynleg. Me gler oss!
God helg!
klems