Neste år skal korna tidlegare i jord. Kolbane skulle hatt litt lengre modningstid.
Men kydno seier seg alle enige i at maisen på Bakka smakar godt.
Det er så behageleg at ein ikkje treng grima på ein gong.
Og litt kos kan ein jo aldri seia nei takk til....^
Og litt kos kan ein jo aldri seia nei takk til....^
*****
Idag har det vore vandreutstilling i Suldal. Miss Suldal skal kåras.
Søs har meldt på 4 kyr til utstillinga - som alle har blitt målt, kjent på og vurdert opp og i mente.
Sokka, Hjertrud, Drople og Rosa var nok ikkje heilt sikre kva dei hadde gjort for å fortjena all oppmerksomheten dei fekk.
I kveld får me sjå kva resultatet blir.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar