Er det verkeleg slik?
Det var ein gong ein perfekt mann og ei perfekt kvinne.
Dei traff kvarandre, og sidan forholdet deira var perfekt, så gifta dei seg.
Bryllupet deira var perfekt, og livet deira som gift par var òg perfekt.
Ei julaftan det snødde kraftig, kjørte det perfekte paret på ein svingete veg. Plutseleg såg dei nokon som stod i vegkanten og hadde punktert.
Det var julenissen med sekken full av pakkar.
Sidan dei ikkje ville skuffe alle barna, tilbaud dei nissen å sitje på med dei, slik at han rakk å dele ut alle pakkane.
Dessverre vart vèret endå dårlegare, og dei tre kom ut for ei ulykke.
Bare ein av dei tre overlevde. Kven???
(tenk, før du ser svaret...)
Sjølvsagt var d kvinna som overlevde.
Ho er den einaste av dei tre personane som eksisterer i verkelegheten...
Alle veit at julenissen og den perfekte mannen ikkje eksisterer.
For kvinner slutter historien her. Menn kan lese vidare.
Bonus for menn:
Dersom nissen og den perfekte mann ikkje eksisterer, så betyr det at det var kvinnen som kjørte.
Det forklarer ulykka.....
......og ein ting til: Om du e kvinne og leste slutten av historien, så beviser det at:
Kvinner gjer aldri som dei blir fortalt... ;)
3 kommentarer:
hihi. skyldig.
også skyldig.
Klarte gåta, men likte best siste delen.. Skal testa kor langt kånå les.
Legg inn en kommentar