mandag, mai 17, 2010

Langhelg i mai

Lemminga er over for i år.
Bakkatøttene går i mot ei rolegare tid. I alle fall når det gjeld nattestid.
Storatøtto hadde bursdag i april og fekk blåtur i gåva av Geir.
Me havna på Spa-hotellet Velvære på Hjelmeland.
Der fekk me prøvd skrubb og massasje, basseng, boblebad, badstu og steambad.
Og MASSE god mat.
Lordag var me ein tur opp på preikestolen (i lag med ein del andre...).
Første gong for oss begge, så greit å ha vore der.
Geir i massasjestolen "vår".

Årets 17.mai vart feira på halvøyno. Nina og eg kjempa mot kvarandre i ulike greiner.
Nina vann glatt over meg i mjølkespannhalding.
Medan eg knuste ho i spikring.
Naturleg nok legg eg ut bilete frå spikringa.
Ein flott dag!

P.s. storatøtto vann forresten i konkurransen skyting med salonggevær.
Klasse: damer over 10. klasse.
På innebane (MED elektroniske skiver!!)
:-)
Hipp hipp hurra for Norge!!




2 kommentarer:

Klara sa...

Gløymde å informera om at eg kom på delt 1.plass på skytingo - men at eg vann ved loddtrekning....hmmm....

Sigrid sa...

snekring m fingertip kontroll, jeh...