Sigrid har gått til innkjøp av ein ny mobil. Men etter seks og eit halvt år i trufast teneste, e d faktisk ganske vemodigt å ta farvel m min kjære little blå nokia.. Det e nesten så at eg har vore på tanken om å gå tilbake til min gode venn. Men enn så lenge; takk for godt samarbeid.. ;)
Bakkatøttene = søstrene Klara og Sigrid Bakka. På denne bloggen får du eit lite innsyn i deira liv og lagnad. Begge held til i Suldal, og brukar dagane til å ta seg av kyr, sauer, hund, katt og andre jordnære ting og tang på ulik vis..
torsdag, desember 27, 2007
mandag, desember 24, 2007
God Jul!
På Bakka byrjar ein å sjå enden på juleførebuingane. I år har Sigrid verkeleg slått på stortromma og laga både det eine og d andre til jul. Pinnekjøt, fenalår, lammerull, sylteflesk, flatbrød og havrekjeks for å nemne noko. Men d ska også nemnast at ho ikkje akkurat kan stå ansvarleg for alt dette heilt åleine.. 1. juledag finn det o`store familieselskapet stad på Bakka dette året, så då gjeld d å ikkje vera knipen på godsakene..
Klara har vakt i jula, og tek seg av Suldal og Sauda sine sjuke eller evt brunstige dyr i helga. Håpar dyra iallefall held seg friske...
Julekorta er ferdig skrevne og sende. Pakkane ligg under juletreet (snart iallefall). Huset er vaska og pynta. Pinnakjøtet ligg oppi gryta. Askepott og Reisen til Julestjernen er over for i år.
Om nokre timar skyt me jula inn.
Ønskjer dåkken alle ei fin og fredeleg julehelg!!
søndag, november 11, 2007
mandag, november 05, 2007
Kuskit og fjos..
Morgon etter morgon, kveld etter kveld... Det e ikkje t å komma vekk i frå at kyrne e svultne og mjølkesprengde. Det e ikkje alltid d e lika stas å ta fjosstudlet, spesielt ikkje dersom ein trøtt og fæl får ein kuhale susande rett i fleisen, ei kraftig lårhøna, ein lika god nasestyvar eller ei ru kutunge raspande på bar hud i nakken...
MEN stort sett går d nokså greit! Kyrne mine e jo som regel både snille, gilde og ganske eksemplariske.. Dessutan tek dei seg jo så bra ut. Premiekyrne mine fortener ein plass i bloggen. Mine kjære prinsesser; Stjødna, Sokka ("Nesten Miss Suldal") og Nyros. :)
søndag, oktober 14, 2007
Haustglimt
onsdag, august 01, 2007
Juli
torsdag, juli 19, 2007
Juli-dagane...
....går helste i jobbing...
mange kilometer tilbakelagt i santa feen
stadig fylling av diesel
springing frå tak til tak for å unngå å bli blaute
kaffi og mocca i bilen..
**********
..kor blei det av solo?
bading nede m nausto,
grilling og fantastiske opplevingar på vannski....
:-)
Til heljo blir det bryllaup i Geiranger!
Me gler oss!!
Som kjømesterar frå me stor råderett ;-)
Stakkar bruraparet....hihi!!
fredag, juni 29, 2007
MYNT OG KRON
I enden tå regnbåga ska're finnast gull.
Men bågjin han fløt seg so dæ'æ berre tull.
Ikkji nytta're spikre'n fast, du kjem alder dit 'n æ.
Det virka plent som om ingen i verden skjøne det.
Åfto står eg i eit vegnaskjel og ser ei firefarga framtid bel om bel,
men frammi vegji, der gråna draumen burt.
Kan hende at å ta te venstre hadde vore lurt?
Kansi skulde eg kasta mynt og kron kor gong eg kom te ny stasjon?
Dæ'æ so vanskeleg å velja, so mykji lettar dilte bak.
søndag, mai 06, 2007
Prinsen
Måtte berre leggja inn eit bilete av Prinsen på Bakka for tida.. Eigentleg mest til ære for Ingunn, som sit langt opp i Tromsø, og kanskje akkurat nå får litt heimlengsel..:)?
Elles går nå dagane.. Lange arbeidsdagar og lite svevn for tida, men med kaffi i koppen og sol som gir D-vitamin til kroppen, går det så det suse... Kan nok likevel bli litt sløv i blikket til tider..
torsdag, april 19, 2007
Då var det i gong
søndag, april 15, 2007
Sommar i byn ;-)
Nyt frihelg og sommarvarme i Stavanger/Sandnes i saman med Geir.
Vore å snika på leiligheten din i dag, Synnøve! Så flott! Så fin utsikt, nær til ICA og ikkje minst fotballstadion!! Juhu!
Gler meg masse til Bergenstur kommande helg! Blir artig!
Reiser heim til kjære Suldal ikveld.
Plan for kommande dagar (forutan jobbing):
skifta til sommardekk på mitt koreanske Under og å snekra grindar til mi for tida veldig uheldige (sjå nedafor) favorittsøster Sigrid Bakka.
Ha ein god dag*

Ikkje så veldig lurt..
..å ha nasen sin i vegen, når ei ku slår med hovudet sitt..
..å holda fingeren sin på ein gjerdepåle som ein skyv frå seg, for så å få ein piggtrådstreng i spenn slåande inn i nagla..
..å stanga hovudet sitt opp i ein litt for låg dørkarm for andre, eller var det sjette gong (Geir...)?
Det fører bare til ein øm (og nesten knokken) nase, ei kløyvd nagel og eit hovud med blodsøl, kular og ikkje minst etterlatte hudceller på dørkarmane..
Men det kunne jo vore så mykje verre.... ;)

onsdag, april 11, 2007
God påske!

Ja, det var ei god påske!
Vèret holdt kanskje ikkje heilt mål, men kva gjer vel det med godt lag!?
Kort fortalt; langtur (...), hyttetur og skogsløyping i pudder!!!
Ekstra kjekt med besøk av Gunn-Marit, Terje, Gjermund og Målfrid.
Gjengen som kan det med å laga avisoverskrifter... ;)
Godt det var spreke folk eg drog med meg på tur!
Takk for besøket!
søndag, mars 25, 2007
Ein smak av påske!!
I dag var det fantastiske skiforhold på Kvilldalsdalen!!
Blå himmel, sol, så og seie vindstilt, godt føre og møkje snø!!
Det var nesten bikiniføre!!
Held vèret t påske, har verkeleg Suldalpåsketuristane nåke å sjå fram t!!
FANTASTISK!!
-Entusiastisk skiløypar som boblar over av superlativ etter dagens tur; Kjetilstadlio - Austmanneskåro - Hedlestølen - Kjetilstadlio

søndag, mars 18, 2007
Gladnyhet :)
Telenor sitt breibandnett skal vera operativt i Kvilldal i slutten av juni, hevdar sikre kjelder Bakkatøttene sin utsende har vore i kontakt med.
Hurra!
Noko å sjå fram til.
Hurra!
Noko å sjå fram til.
torsdag, mars 08, 2007
"Sola glar bak Hermanns`snas.."
"Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hermanns`snas
og landet er ditt og mitt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljostet
i Norden tent."
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hermanns`snas
og landet er ditt og mitt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljostet
i Norden tent."
Gode dagar i Trøndelag!
Grethe prøver her å vise sin `snasa..
Kva er vel betre enn å ta seg nokre dagar fri, for å treffe gode venner og få gå litt på ski??
Helgetur til Grethe sin fjellheim i Verdal`n. Nærmare bestemt Havrevollen, med Storhavren og Hermannsnasa som nærmaste nabo.
Det vart ingen Snasa tur i solskin denne gongen heller.. Ved foten av fjellet fann me ut at d var best å snu. Finvèret kom ein dag for seint, men tur på Storhavren fekk me iallefall. Med nokre sveisne telemarksvingar og spektakulære hopp på tur nedover att (dokumentert på film..:))
Snø, ski, sol, latter, lek, gode venner, god mat, godt prat, gode diskusjonar (nokre hissigare enn andre.. Lenge leve norsk landbruk seie nå eg, men Olav Einar; du kan ikkje halde liv i d åleine...), topptur og nesten topptur..
Gler meg t alle planane våre framøve! Spesielt til sommaren 2008.. ;)
Men ikkje minst Suldalspåske 2007! Alle er velkomne!
søndag, februar 25, 2007
jodå..
søndag, januar 21, 2007
Full av kuskit..
..og elles nokså usminka. Jodå.
Men eg e faktisk ikkje PR-kåt. Berre så d e sagt! D kan bare virka slek ut av og t..
Spesiellt etter utsagn som;
"..Sigrid Bakka (25), er ikke like redd for å bli avbildet i fjøsklær."
Jaja, slek kan d gå.
Kan elles melda om fantastisk skiføre i dag, rett og slett silkeføre på Kvilldalsdalen! Endeleg kom vinteren t oss òg. Så lenge d varer vel og merke.

Ønskjer dåkken alle ei fine veka!!

søndag, januar 14, 2007
Så satt eg her då..
.. med skibuksa på og bilen klar.
Skulle bare sjekke forholda på internett først.
Det var jo ikkje så dumt.
For trass i 2,5 meter snø, e d stengt i Røldal i dag.
Det er tydelegvis ikkje berre heima d bles godt..
Men i Røldal kjem heldigvis regnet ned som snø.
Så der er ennå håp om ein perfekt dag i bakken, ein annan dag vel og merke...
Kari og Tone; me prøvar igjen!
Eg er iallefall klar! :)

søndag, januar 07, 2007
torsdag, januar 04, 2007
Godt nytt år frå Kvilldal
Jodå, då va me i 2007.. Øvegongen t d nya året gjekk ein smule rolegare føre seg enn sist år.. Normal puls med andre ord. Takk og pris for d, sleke dramatiske hendingar kan ein klara seg utan.. :) Men me ska ikkje rippa opp att i det, ska me vel?
Håpar på eit bra år i 2007! D lovar jo bra med ein ROSA playstation i huset.. Dersom eg for eksempel sko ha ekstremt lite å gjera ein dag... særleg..
Nyttårsforsett t alle Bakkatøttene sine lesarar; legga igjen fullt av kommentarar på den utruleg kule bloggen vår.. hihi..
----Sigrid Bakka, noko irritert etter ein litt irriterande volleyballtrening i kveld----

mandag, januar 01, 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)