søndag, januar 07, 2007

torsdag, januar 04, 2007

Godt nytt år frå Kvilldal

Jodå, då va me i 2007.. Øvegongen t d nya året gjekk ein smule rolegare føre seg enn sist år.. Normal puls med andre ord. Takk og pris for d, sleke dramatiske hendingar kan ein klara seg utan.. :) Men me ska ikkje rippa opp att i det, ska me vel?

Håpar på eit bra år i 2007! D lovar jo bra med ein ROSA playstation i huset.. Dersom eg for eksempel sko ha ekstremt lite å gjera ein dag... særleg..

Nyttårsforsett t alle Bakkatøttene sine lesarar; legga igjen fullt av kommentarar på den utruleg kule bloggen vår.. hihi..

----Sigrid Bakka, noko irritert etter ein litt irriterande volleyballtrening i kveld----

søndag, desember 31, 2006

snart 2007...


Godt nytt år til alle kjære og kjente!
Og takk for alle gode minner frå det gamla... :-)


onsdag, desember 13, 2006

PUDDER!!!!!!!!

Pudder t kneno!! D kunne Bratteteig melde om i Røldal i dag! Om han la på litt i praten sin m Nrk for å få folk t Røldal i heljo, e ein aen sak, men snø e der iallefall! Kem sko tru d i detta dritt veret!!????!!!! Nå har t og m eg fått nok av detta forferdelege vèret... E mektig leie å gå i vadestøvlar dag etter dag.. Ja nok om d, kan dessverre ikkje gjera nåke m d..

Men som sagt, der e SNØ i Røldal!! Trur me får satsa på Røldalstur i romjulo! Bare å preppa skio folkens!;)
Gledar meg! BLI MED ! BLI MED!

(Reise t Oslo m heljo Synnøve, så treffe deg nok ikkje.. Eller evt på søndag??)

Kandidatballet


På lordag var det kandidatball for oss 22 som er ferdige til jul.
Middag, talar, sang, storband og dans.
170 gjester.
Ein vellykka kveld!
Men engelsk versjon av festvurderinga gjort i etterkant av nokon andre:
Last Saturday`s prom for the graduating students was a great success, even though some of the students behaved like baboons during the last part of the dinner. Those who did not dance, were very drunk, and puked here, there and everywhere... But overall, it was a success.
Men me hadde det i alle fall veldig artig!
Her går det i pakking og vasking.
Snakkes snart!
kl*

søndag, desember 10, 2006

10. desember..

..Åshild e 30 år!!! Gratulera så møkje!!!!:)
..Kaisa e 1 år.. (fortsatt like rampete. Merkeleg..)

Til ære for Åshild får hu bilete av seg sjølv lagt ut på Bakkajentene sin blog! Stas, tenkjer eg..;)
(den forrige nummers Suldalsprofil i Suldalskjelda er nemleg så heldig å ha ein haug bilete av seg på Sigrid si datamaskin!) hihi



















..i tillegg eit bilete frå fjoset, der desse karane gjer ein stor jobb for tida.. D går helste godt, og damene står i kø.. :) Brunstige sauer e bare utruleg søte! (Ingunn; bukken din har òg fått jobba litt...;))

torsdag, november 30, 2006

November..

..e snart øve, og me går inn i advent og "nærmar seg jul og nytt år månaden", også kalla desember. Koseleg tid eigentleg. Spesielt når ein kan pynte med lys både ute og inne i denne mørke tida. Sola har jo forlatt Bakka for eit par månadar, men rundt den 22.des "snur" ho att og 20. januar e hu tilbake! Hurra for d!

Nå har eg akkurat pakka inn 24 pakkar t adventskalenderen som eg har i tankrommet.. Så har den som har fjoset noko å gleda seg t.. (dvs stort sett meg.. hehe) !

Gratulera så møkje m levert oppgåve søs! Tenkje d e godt å vera ferdig.. Men d e nå alvoret byrjar! Hihi, ser fram til eit godt samarbeid i tida framøve...

onsdag, november 22, 2006

Livet med parasittane



Her er litt av det me har funne i hjorten i haust
Satsar på oppgåvelevering på fredag!
Skal bli bra å få det ferdig nå!
Kjære Synnøve!
Vil med desse bileta gratulera deg så masse masse
med
27 års dagen din
i dag!
hipp hipp hurra
klem

torsdag, november 09, 2006

Girls in Oslo


Etter nokre hektiske dagar i Oslo, er eg nå tilbake til Bakka. Godt å få litt fjoslukt i nasen att! :) Men hadde det veldig kjekt i hovudstaden òg, kjekt at eg rakk å treffa så mange folk! I tillegg til at eg òg fekk med meg årets største begivenhet på Lillestrøm.. hehe.. Treng vel ikkje seia meir enn d..

Her heime går no dagan.. Surt vèr, men har vore på heio å brunne ein del brakje. I dag låg d snø nedøve liane att.

Va på Odd Nordstoga konsert i kveld. VELDIG bra!! Absolutt å anbefala!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Enig Irene? :) Ringte t dg, men vart litt usikker på om du tok an? God helg t alle saman!! ;)

Også må eg bare ropa eit aldri så lite HURRA for Viking..

Oppgåva nærmar seg innlevering!!

Store deler av hausten har gått til hjortefordjupninga vår.
Mykje arbeid har gått med på patalogen og parasittologlaben.
Me har hatt turar til Svanøy
Og Edinburgh
I slutten av november reknar me med å levera inn den ferdige oppgåva.
Byrjar bli klare for å avslutta arbeidet nå!
Så skal me berre nyta dei siste vekene me har saman her i Oslo
Før me blir spreidd for alle vindar....
hjertelig hilsen klara bakka,
som har hatt ein veldig ineffektiv dag i kantina....sukk..
......snart helg!!
juhu!!
:-)

torsdag, november 02, 2006

Ein dag i kantina..


..sånn ser ein vanleg dag i kantina ut..


...og Ragn&Kjers...

..ikkje lov å snoka rundt på sidene uten å legga igjen kommentar/helsing! hihi ;-)

tirsdag, oktober 31, 2006

Urbane impulsar..


Dagane går litt i eitt av og til, men nå ska de bli godt å få eit lite avbrekk frå den vanlege kvardagen. Tar turen øve fjellet i måro, for å tilbringa nokre dagar i Oslo.

Gledar meg t å treffe att venner og kjende! Shoppa litt.. Og dessutan sjekke ut Agroteknikk som e på Lillestrøm i heljo.

Forstår eg må ta m meg vinterklede austøve.. Her va d òg snø i lufta i kveld. Håpar ikkje d blir noko av ennå. Sommardekka må iallefall takke for seg for denne sesongen.

...det snør det snør...

...tiddeli-bom...
***********************
**********
Og snør gjere det OFTE rundt Solfrid sin bursdag!
Gratulera med dagen som va i går!!!
hjertelig hilsen
klara bakka
i snøfulle
Bukken Bruses veg
******************

onsdag, oktober 25, 2006

Ka e det i sushien...

...som gjer at du føle deg heilt
totalt
avhengig...
E d nåke i wasabien?
Makien?
Scampien?
Nåken som vil starta sushi-restaurant i Suldal???

fredag, oktober 20, 2006

Fredag i Oslo

Herlig med ein fredagkveld i Oslo
UTAN planar!!
God mat og tv
Heile kvelden
Trur eg
Spøting
Eller skriva eit brev
Eller ut ein tur..

mandag, oktober 09, 2006

Valdrestreff


Fytti, tido går fort... I år e d 5 år sidan me va ferdige på Valdres Folkehøgskule! Helga 6.-8. oktober va d jubileumstreff på Heimsyn. Så då tok eg og blåbæret mitt ein liten luftetur øve viddo. På vegen plukka eg opp Ane, mi kjære romvenninne, som for tida held seg i Bergen. Kjekt å ha følge i bilen, spesielt når d e så lenge sidan sist...!! Skravlo gjekk godt kan ein seia, m mimring og oppdateringar.

D va veldig kjekt å komma tilbake til gamle trakter og treffa att folk som ein ikkje har sett på alle desse åra. Me hadde jo eit fantastisk bra år på Valdres!! D beste ever kanskje...

På lordagen va m ein tur opp t skulehytta, og vidare opp på Binhovdsknatten. Ein fine tur i fint haustver. Var også innom gammo, som eg faktisk va m og sette opp den gong..:) Kjetil tenkt; takket vere meg kunne du sove godt og varmt på Bli-kjent-turen...:)

Elles i heljo vart d grilling, volleyball, skravling, mimring, henging i hallen og ein aldri så liten rånetur t Fagernes.

Ser fram t 10 års jub.! Snakkes..

onsdag, oktober 04, 2006

Skottland....

...here we come!!

Ordna oss billettar seint i ettermiddag - og i morgon tidleg reiser me; Sveinung, Ellen Marie og eg - spesialistane på hjortetarmar og innvendige snylterar... :-)

Skal bli godt å få litt avveksling frå lab-en. Kan bli litt mykje mikroskopering i lengden...

Blir spennande med nytt land og nye byar, sight-seeing og shopping, og britisk hjorteoppdretts konferanse!

Søs - gi beskjed viss du ønske deg nåke spes!

god helg til alle!

klem kl*

søndag, oktober 01, 2006

Hjortejakt


Elg- og hjortejakta e som kjent i gong, og fredag måtte denne karen til pers.. Men d e fleire der han kom i frå. Gjekk heim Stegane i skumringa i kveld, og plutseleg kom d eit kraftig brøl ikkje langt frå meg.. Skunda på heimøve då kan du sei.. Har ingen spesielle ønskje om å få ein brunstige okse i hælane..(av typen hjort vel og merke:))

Men kom velberga heim! Dessverre utan sauer, som var den eigentlege grunnen for turen.. Kan ikkje forstå at dei kan vera att i heio, nå som eg så og seie har saumfart området (nesten iallefall...:)). Håpar iallefall dei e i live.

torsdag, september 28, 2006

Inn på tunet

Nå har eg nett komme att frå bondekafè, der temaet var "Inn på tunet" (Grøn omsorg). Nåke så e veldig spennande, og utruleg bra! Eg har verkeleg tru på at d har møkje for seg! Men døgnet har fortsatt bare 24 timar, så d e vel ikkje akkurat så super aktuelt for meg nå iallefall... Blir bare litt engasjert..:)

fredag, september 22, 2006

Langt inn på ville heio...


Den siste veka har stort sett gått i å springa etter sauer.. Dei e jammen ikkje gode å finna i år! Feile fortsatt ein del sauer og altfor mange lam... Ikkje bra!

Men d har jo vore fantastisk vèr, d e ikkje kvart år ein har sauasamling og kan gå i shorts og singlet.. :)
Ka e vel betre enn å finna kvite fine fjellsauer som har m seg knabne, store, mjuke, fine lam!! Åhh... Bare trist dei gode lammo måtte reisa frå meg i går m slaktebilen.. :(

onsdag, september 13, 2006

Dyrsku`n..

Det vart ingen ny traktor på meg på Dyrsku`n i heljo, og heller ingen kunst ku i glasfiber (sjølv om d hadde vore litt kult å for eksempel hatt ei rosemåla ku i full størrelse i stova...), men klarte nå å svi av litt pengar fordet om ja.. :)

Når katten er borte, danser musene på bordet, tenkte kydne heima, og tok seg den frihet og braut seg ut til eit møkje grønare og betre gras på andre sida av gjerdet.. Men takket vera observante naboar, vart dei hindra i å legga heile Kvilldal under sine føter... Og ei litt småstressa Sigrid kunne pusta ut, etter desperat ringing fram og tilbake, 20 mil heimanfrå.

Til heljo e d smalasamling, så viss nåken kjeme på at dei gjedna vore m på d, så e d bare å ta turen! :) Klara e nå i d minsta på plass, så d vil nok gå ganske greit tenke eg..

onsdag, september 06, 2006

Sjiraffar..















Fekk denne tilfeldigvis av Synnøve her ein dag, og syns han va ganske løyen.. Hehe..

søndag, september 03, 2006

Ikkje anbefalt

å legga seg nedpå "litt" for å sova på søndagsettermiddag, for så å bråvakna og veta at ein har forsove seg. Også tumla rundt og lura på ka ein eigentleg har forsove seg t..? Ka va d nå eg sko..? E d morgon? Koffer ligg eg på sofaen?

Jodå kydne fekk både mat og vart molka i kveld òg.. Sjølv om Sigrid va heilt i ørska..

fredag, september 01, 2006

Oppstarten i Oslo

Ute skine solo -
mens Ellen Marie og eg står med nasen
nede i hjortadrit og tarmar....

Ute skine solo -
mens Ellen Marie og eg sitte med bøyde nakkar
og kikkar etter bittesmå egg i mikroskopet....

Elles er alt strålande bra her i byen!! Kjekt å vera tilbake!
Skal nyta siste månadane her fullt ut!!


Mi kjære kjære Sigrid-Siss:

GRATULERA SÅ MASSE MASSE MED
25 ÅRS DAGEN DIN SOM VAR PÅ ONSDAG!!!!

KA SKULLE EG GJORT UTAN DEG!!!?!!!!!


Håpar alt står bra til med alle!
God helg!

Ikveld skal eg møta Anne Brit og Solfrid i Bærum! Glede meg!

kl*


søndag, august 27, 2006

Liv og lagnad i Suldal..

Reinsdyrjakto e i gong, og me hadde ein fantastisk fine tur første dagen! Sjølv om d ikkje var dyr å sjå.. Litt rjupa fauk opp, men så va d jo ikkje d me hadde børso m for.

Datamaskino vil typisk ikkje legga innpå bilete frå den dagen, så då blir d bilete av nåken andre dyr som eg traff på ein aen dag eg var på heio..:) Et gledeleg gjensyn for begge parter trur eg, men ei hjarteskjærande mækring då eg måtte springe frå dei...
I går vart d plukka plommer, og eg hadde då ein god medhjelpar.. Kaisa plukka nemleg opp dei eg miste på bakken og slafsa i seg .. mmm veldig godt m plommer, men etter ei stund trur eg d vart for møkje av d gode, for då begynnte hu nemleg å grava dei ned.. Greit å ha viss d knipe på t vinteren.. :)

søndag, august 13, 2006

Ein sommar forbi..

Stikkord for sommaren 2006; sol og varme, bryllup, besøk, bading, vannski, grilling, kilaspel, Lofoten (fantastisk fint der nord!!! Anbefale å ta turen! D va nesten som å komma t et aent land..) + ein del jobbing då..

Sommaren har bare føke av garde.. I måro reise Klara tbars t Oslo.. Greit å for ein gong skuld ikkje reisa heimanfrå når sommaren går mot slutten! Ganske ok faktisk å få m seg eple/plomme/bær haustinga, og ikkje minst reinsdyrjakto som startar på søndag.. :)

I dag e me ferdig m 2.slåtten!!! Hurra! (JA, d e nå e eg ferdig med 2.slåtten viss d va nåken som lurte.. Hehe, ikkje 3. eller 4. slåtten som nåken kanskje sko tru...)

fredag, august 04, 2006

MAKRELL I HYLEN!!!!

Lenge sio den herlige kvelden der me drog opp sei på sei på sei i Hylen....
Men nå e der fisk å få!
Føles jo ut som å få ein laks på kroken - men makrell e jo bra! :)
Tips mottas med takk - om ulike måtar å tilbereda makrell på! :)

God helg til alle!

Blir vakthelg på meg, men Sy: har funne ut det e super dekning i Hylen! hi hi
Ha det godt!

klara*

fredag, juli 21, 2006

Suldal

Sommar i Suldal e berre heilt nydelig
Til tross for ganske lange og travle dagar
Men det er utrulig artig
Og kjempeflott å kjøra rundt om i kommunen
-og oppdaga berre fleire og fleire nydelige plassar....

Det er ingenting som slår kveldane i Kvilldal.
Når kydno e nymjølka og sleppes ut på beite
-er det ein god ting å sitta nede på bryggjo.
Kanskje grilla eller stå litt på vannski.... :)
Og det er jammen på tide snart å ta eit bad...
I alle fall har me gjort det dei siste kveldane.

Og til dåkken som ikkje e komne heim ennå:
KOM KOM

klem Klara

ps. Gratulera så masse med dagen i går, Ole Terje!
Håpar Turtagrø e fint!

onsdag, juli 12, 2006

Fondue kveld



God mat og gode venner. Synd Klara og Birte måtte ut på oppdrag, men det vart jo bare meir på oss...

søndag, juni 25, 2006

I mine kåte ungdomsdagar..

.. eg minnest dei så vel.
Eg va så fri frå plagu og ha så glad ei sjel.
Så tok eg t å tenkje på koss detta kom t gå,
om eg kunne få ein gut, som eg kunne lite på.

Dei pratar om å gifte seg, men huh d e kje godt.
Å leita ut eit mannfolk i blant så stor ein flokk..
Ein flink og fin og snål den e vanskeli å få, og skull han vera doven,
då blei d inga råd.

Når eg ska sei mi meining, så trur eg nå visst d,
at d var mykje bere å alder gifte se
Men fara fint og leike seg m guten litt i blant
Og ein kvar hendte gongen sova i hans fang... ?

Lalalalalalallallalalala


Tiriltunga -03



jeje ikkje vett eg, men det e så monge slags lesn..

Knall ver i Kvilldal for tida, trur d blir tropenatt i natt. Håpe alle har ein flotte sommar!! Dårleg m oppdatering på bloggar for tida, men d e nå ikkje så løye for så vidt...

onsdag, juni 21, 2006

elles e alt bra...

D står bare t på Bakka altså, sjølv om me står utan silo føre slåtten. Mitt forrige innlegg va heller nåke dystert, men eg har ikkje mista motet ennå.. trur eg..

Kor va folk sist veka forresten, då va d verkeleg fantastisk ver i Kvilldal, og skikkeleg sommarstemning!!!

I måro ska kvigene utsleppast, så då blir d vel litt texas rundt husa.. :)

SOMMAR I SULDAL!!!!

Travle tider mildt sagt.
Men herlig å vera heima!
Og gler meg til det kjem fleire heim på ferie.

Starta å jobba på mandag. Spennande og skummelt.

Kvilldal=liv utan breiband - og det betyr veldig lite aktivitet på bloggen....
Men det er nå liv i bygda!

Håpar alt står bra til med alle!
Nyta siste dagane av juni -
og kom på ungkarsfestivalen!!
hi hi....

Søs skal grilla - og så klart Klara også skal vera der!

klem*

søndag, juni 04, 2006

Slek kan d gå gitt...



D va ikkje heilt planlagt at dette sko skje.. Takk og pris for at ingen va oppi når d skjedde, for d kunne jo gått skikkeleg gale.. Etter 32 år takka tresiloen for seg.. Så nå blir d ny silo på Bakka! Men d blir nok ein del rundballar dette året..

tirsdag, mai 30, 2006

Om å stupa kråka.....

.....Nå e det gjort!!!

Heilt fantastisk å vera ferdige! Får karakteren om ca 10 minutt - så skal ut til dei andre snart. Blir spennande å sjå.
Gjekk bra - sjølv om eg fekk praktisk på hest - igjen.... :)
Trur nesten me må kjøpa oss hest eg, søs! :)

I måro bere det til Barcelona!!!Trur det er ca 30 varmegrader der nå -
så det skal bli utrulig herlig!!

Ha det fint så lenge!

Nå blir det snart Suldal neste!
klem kl*

Om å stupa kråka........

.....Nå e det gjort!!!Heilt fantastisk å vera ferdige!
Får karakteren om ca 10 minutt - så skal ut til dei andre snart.
Blir spennande å sjå.
Gjekk bra - sjølv om eg fekk praktisk på hest - igjen.... :)
Trur nesten me må kjøpa oss hest eg, søs! :)

I måro bere det til Barcelona!!!Trur det er ca 30 varmegrader der nå -
så det skal bli utrulig herlig!!

Ha det fint så lenge!
Nå blir det snart Suldal neste!

klem kl*

torsdag, mai 25, 2006

Øvestått smådyr!!!!

Heilt ubeskrivelig herlig!
Va heilt skoten i går....

Alle 8 va ute å feira resultatet
på Bislet med godt mat&drikka!
Sushi ER faktisk godt! :)
Etterpå gjekk turen til fotballpub -
der me fekk sett landskampen på
storskjerm.

Og så bar det rett heim i seng..

Har forresten oppdaga
at Bislet Games er 2. juni - og at det
kan passe godt inn i programmet etter
Barcelona... Hellbillies skal til og med
spela der!

Guri, lure på ka tid eg skal få tid til å
slappa av.... :)
Litt luksusproblem, kan ein seia!

Nei, må tilbake til bøkene! Bare 4 lesedagar
til me skal i ilden igjen!

God helg*

søndag, mai 21, 2006

Det får brista elle bera......


....men ta deg nå ei pera!!

Berre nåken få ord før eg sykle heimøve..
Blir lange dagar utan at det skjer så masse..
Gro, Anna, Ragnhild, Kjersti og eg var på
McDonalds og hadde søndagsmiddag i dag.
Og me satt der - heilt stumme - og kikka rart
på alle folka rundt oss....
Herlighet, me blir verkelig heilt avstumpa
av å sitta så lenge - døgnet rundt - med nasen
i bøkene.

Har forresten gløymt å skriva om våre planar
etter siste eksamen:

30. mai kl 2100 Reservert bord på Ekeberg-restauranten
-med fest ut i dei søte små nattetimar........ :)

31. mai - tiiiiiiidleg på morgonen - sette me oss på flyet...
......til Barcelona!!!!!!!
Juhu! Shopping og Campagne, kulturelle innslag,
varmt vêr, god mat og drikke.....
Åå, det skal BLI så herlig!!!!!!

2. juni - tilbake til Oslo (me e kjappe, me!)

3. juni Kandidat-ball på NVH - for å feira dei
nyutdanna studentane!

-og så nåken dagar med litt surring
og pakkings
i bilen
og vasking
og besøka litt venner i Oslo (som eg ikkje har hatt
tid til å treffa heile 2006...) - før eg vende
Camryen og min egen nase vestøve!
Mens CD-spelaren går for fullt - med
Hellbillies, Briskeby, TooFarGone,
Coldplay.......++++

I`ll be darn!
:)

DET skal bli herlig!

Og så må eg for alle del ikkje gløyma VAMP
konsert i Suldal, Ungkarsfestival, fisking
og heiaturar, Villmark-innspeling (sommar nr 3),
kyr og sauer.....

Nei, nå mååå eg sykla heim å legga meg!

Natti*

Kan pusta litt ut..

Ferige m vinno og lemminga (nesten) og kan komma litt rolegare dagar i møte.. Nå gjeld d bare å bli ferige m veden...

Elles glede mitt bondehjarta seg øve små vårkåte lam som e ute og springe på beite, og ikkje minst drektige kyr på bås (takk Dokka!).

Ha ei fine veka!

Vassdalseggjo i mai

Ikkje akkurat bikini-vèr på Vassdalseggjo denne søndagen, men likevel ein veldig fine maitur! Ein gode gjeng på tur i solo, vinden og snøbøyene.. Anbefalast!! :)



søndag, mai 07, 2006

Travel tid..


Her på Bakka går d unna for tida.. Lange dagar og litt for lite svevn, men ein kan ikkje klaga når solo skine og dei små ulldottane hoppar rundt omkring... God veka t alle som måtte streifa innom bloggen vår! :)

fredag, mai 05, 2006

Det er fredagkveld.....

....og Sigrid e i smalhuset, mens Klara e på lesesalen.
Saualemming og eksamen.
Trur eg heller føretrekke det førsta..

Det resulterar i liten blog-aktivitet.....

Første gruppa i klassen hadde eksamen idag,
og eg begynne bli gaaanske lei av å lesa nå.
Bare ei veka igjen til reproduksjon!

Mai og sommar i Oslo.
Det betyr vårreingjering. I gatene.
Og den som måtte flytta bilen vha startkablar
og fekk parkeringsbot på 500 i løpet av 15 minutt
kl 0730 tysdagsmorgon, det var Klara, det.
Orke ikkje tenka på koss mange 1000 eg måtte ut med,
om eg ikkje hadde vore heima
-og bilen hadde blitt taua vekk.

Ha ei god helg! Nyt sommarvarmen om dåkken kan!

klem reprod.spes.klara.bakka

tirsdag, april 25, 2006

Ein jordagut ve eg slett inkje ha
om han bye seg te me bå´ pengar og gard
Men ein fantaskrott
Han seve så godt
Han ligge me jentedn kvar einaste nått

Ein utigardsgut har eg valgt meg ut
Om han eig inkje meir enn ein turka klut
Han e staut, han e nett
Han e støvande kjekk
Han e nett så ein istappa udlasekk



Eg ville ikkje eg, men dei lokka meg te
Dei lokka meg attåt ein kålete smed
Og kålete va han
Og stygg såg han ut
Eg tenkt eg sko fått meg ein venare gut....

lørdag, april 22, 2006

Vår i Oslo....

Så va eg tilbake igjen. Sol og vår i Oslo.
I dag har me hatt første grillings utafor lesesalen.
Herlig!

Men føle meg ikkje heilt bra. Trur eg har ein til nå
udefinert lidelse kombinert med dårlig nattesøvn,
leseleihet, bittelitt kjærlighetssorg,
dårlig matlyst...What to do...

Imåro ska eg på kamp på Ullevål!! Glede meg!
Liv på stadion når Rosenborg-Vålerenga e i gong.
Eg ska sitta med RBK-gjengen, så klart. :)

Begynt å sjå på ledige vet.stillingar. Fiskepraksis på
Nordmøre eller stordyrpraksis på Hitra/Frøya.
Fristande, ja.

Håpe alt står bra til med dåkken alle!
God helg*

onsdag, april 19, 2006

Å hoppsann, der var påska forbi


Oppdatering på Bakkabloggen! Påska e øve for denne gong. D har blitt heller lite skigåing (mot d normala) dette året, trass i at den etterlengta snøen faktisk kom i siste liten. (Og det var ikkje lite heller!!) Så snøen i heio blir gjedna liggande ei stund t! Sjølv om eg tvile på at d blir særleg god tid t skigåing framøve, med vinno og saualemming rett rundt hjørna.. Men kanskje kan eg få t ein tur t heljo?

fredag, april 07, 2006

Skavlan, Mia, Otto og Klara...

Endelig helg igjen!
Palmehelg og lesing i Oslo. Ingen påskefølelse.
I det heile tatt!
Me tar oss fri ikveld - skal på Først&Sist på nrk.
Gro, Sveinung, Ingrid og eg.
Får håpa det blir nåken bra gjester og fine musikk! Jippi.
Og så blir det nok ein tur til "stampuben" på Marienlyst.

God palmehelg til alle!
Håpar å sjå mange av dåkken om ei vekes tid!

(Solfrid&Ingunn:kanskje eg kan komma og drektighetsundersøka
nåken av kydno i Steinbru i løpet av dagane heima?
Skal jo ta dei heima òg sjølvsagt.)

Hjertelig hilsen klara bakka (som egentlig tenke at det
berre er Kvilldalsfolk som lese desse sidene....)

fredag, mars 31, 2006

Sommar i Suldal


Legg ut nåken St.hans bilder eg hadde liggande.. (frå sommaren Heimar var med oss).

Håpe me kan finne på med nåke artig i år òg. Me har i alle fall god trening i å klatra grindar!! :)

Wooden house

I wanna live life
never be cruel
I wanna live life
and be good to you

I wanna fly
And never come down
And live my life
And have friends around.....

....I wanna live in a wooden house
where making more friends would be easy
I wanna live where the sun comes out...


-Coldplay

Songen som minne meg om ein kano- og kajakktur me hadde på Suldalsvatnet ein fin sommarsøndag. Med bållukt og betasuppa og bølger og brune legger...
Glede meg t sommaren! Og til å få eit normalt liv tilbake...

God helg til alle*

torsdag, mars 30, 2006

Skal - skal ikkje



Skal eg reisa heim til påske? Skal eg ikkje reisa heim til påske? Palmehelga? Påskehelga?

Oslopåske:Lesesal og stort tomt hus i Bukken Brusesvei?

Suldalspåske:.........nei, vil ikkje tenka på det ein gong.

Skal dåkken heim? Sy, Irene, Ast, Kje, OT, AB, Sol, Ing osv???????? og ka tid i tilfelle?

torsdag, mars 23, 2006

Tanken

Å mjølka kyr e eigentleg litt hjernedaudt arbeid, så derfor ein hyllest t tanken;

Til tanken

Kvilelaus og trøytt du støtt må vanke
på leiting etter alt og ingen ting.
Du har ein tung og vonlaus veg, du tanke,
fordi du renner alltid rundt i ring.

Du vil så gjerne nå dei klare tindar
som tøyer seg mot sannings himmelrand,
og der deg svale i dei friske vindar
høgt over fåfengds mørke skuggeland.

Fredlaus er du, dømd te leite etter
dei svar som løyner seg bak skoddeslør.
-Men kanskje herdast du i rimfrostnetter
og finn ein klårveg fram mot livsens dør...

Daniel Solvoll

tirsdag, mars 21, 2006

Påskestemning på Såto

Skikkeleg fint vèr på søndag, og tross oppgitthet over lite snø i heio, tok eg og Kari ut på skitur med Såto som mål. Jammen gjekk d ikkje fint! Varmt og godt i solo! Sett vekk i frå at me måtte bere skia eit godt stykke i starten, og ein knall hard nedfart, så var det ein strålande fine tur! Snønuten Open neste... hehe..

Lucky va og med..

Gutten min....

Berre eit lite bilde av Trygg.. Godgutten min...

(1 år sio han dødde i dag)

søndag, mars 19, 2006

Trivelige Trøndelag..




Hadde ei kjekke helg i Steinkjer for ei veka sidan.. Her e nåken bilder frå turen..


Those who bring sunshine
to the lives of others
cannot keep it from themselves
:)








Hest e best ingen protest...

tirsdag, mars 14, 2006

Om å stupa kråka.....

Ein av dei første dagane i juni skal eg gjera det
Stad: Plenen utafor hovudbygningen på Norges Veterinærhøgskole
Der skal eg ta av meg på skoa
Og gjera det som ein tidlegare elev gjorde
Den dagen han hadde hatt sin siste eksamen
I sitt liv
Ever
Då skal eg stupa kråka
Eller slå hjul
Eller noko anna....

søndag, mars 12, 2006

Helg i Oslo

Sitte å kikke opp på skihoppet i Holmenkollen..det var jo egentlig der eg skulle vore i dag - i govèret.. Men har tenkt å få til nåken effektive timar på lesesalen. Planen i kveld er Gymnaslærer Pedersen med vår alles kjære Kristoffer.

Har vore spennande dagar i det siste:
Torsdagkveld: Fantastisk Vamp-konsert på fullsatt Rockefeller (kjem tilbake 20.mai til Oslo...)
Fredag: På skulen frå 8 på morgonen til 12 på kvelden. Masse spennande på hesteklinikken.
Lordag: Tannkurs i Fredrikstad. Reiste deretter på impulstur til Spydeberg på vegen heim, der målet var: Stage Dolls-konsert/dans. Me reiste rundt i heile litle Spydeberg og leita og spurte folk...men dei fleste hadde ikkje høyrt om Stage Dolls ein gong... Muddys, Fjellheim, Fredriks og Telegrafen...ingenting... På Telegrafen enda me tilslutt - og her viste det seg å vera lukka party med Henning og Petter. Massse kjendisar her, fekk me høyra, og så blei plutselig dørene lukka opp for oss. Litt forvilla gjekk me rundt og leita etter vår kjære Gro - men ingen Gro, Håvard, eller Helle å sjå...
Tema for festen var Glam/Disco-eit eller anna - så det var ikkje så lett å finna kjendisane innimellom alle dei rare folka. Men Henning blei observert. Og Thomas Alsgård. I alle fall. I Turkis dressjakke.
Det var ein heller litt skuffa gjeng på 4 som sette seg inn i bilen igjen - og kjørte tilbake til Oslo..
Men Stage Dolls kan det jo bli ein annan gong!!

tirsdag, mars 07, 2006

Små potlane!!!





Endeleg kjem d bilete av desse søte, små, og ikkje minst viltre kjeo mine..

Det e jammen ikkje kjekt å bli stengt inne i ein liten garde, når ein blir frista til å heller springa og hoppa rundt, mellom og oppå sauene.. Men Sigrid vil jo ikkje ha nåke av skiting og tissing i silofôret.. Så då blir me sette bak lås og slå ( som om det holde oss vekke...).

onsdag, mars 01, 2006

Snøstorm i Oslo...

...skal bli godt å ta kvelden snart! Komma meg på trikken. Heim for å måka på snø! :)

Dagane flyr (som vanlig). Travelt! Masse tid går på skulen og lesesalen, men innimellom finne me på med kjekke ting òg. Det er ofte ikkje så store ting som skal til for å gi gleder nå for tida! :)

Men når det blir som verst, er det godt å kunna ha nåken draumar:
  • Flytta på stølen med 100 geiter.
  • Reisa tilbake til Nepal; besøka folk og gå i Himalaya.
  • Flytta til Frøya og bare bli der.

Klara*

Me må alle dela litt på Sveinungsen...


Fjøsfesten 05: Klara, Kjersti og Ragnhild i slaget!

Fortsetting følger....


Gruppas to karar: Knut Jørgen og Sveinungsen har 7 jenter å velga mellom. På Fjøsfesten 05 var Gro (evt Grossan) veldig poppis.

Tusen takk snille Ragnhild Kulbrandstad!!!! (fotografen)


Jiiiiipiiiiii!!!

Endelig har eg nåken flotte bilde å visa fram! :)
Så her kan dåkken sjå mi kjære klinikk-gruppa (nåken av dei i alle fall).

Sveinung og Anna i Haukalid sitt nye fjos på Forsand!

søndag, februar 26, 2006

Sol inne, sol ute, sol i hjarta, sol i sinnet...

Status i Suldalsheio for tida: Lite snø, hardt og isete, men vèret kan ingen seie nåke på! Sola varmar godt! Men nå må snart snøen komma, viss d ska bli nåke brukande skiføre t påske..


(og eg får ikkje t å legga inn bilete på bloggen for tida..grrr.. går d an å formatere bilde ned etter d er teke?? trur d er d som er problemet..)

lørdag, februar 25, 2006

Minds are like parachutes.
They only function when they`re open...

fredag, februar 17, 2006

Frisk luft frå Kvilldal..

Kjære søte Klara! Så d e på skulen du helde deg! Prøvde å nå deg i kveld din lille sarkosporidiose parasitt.. Her får du ein aldri så liten frisk pust frå Kvilldal. (Ville legga ut eit bilete frå eg og far var på skogen, men d ville ikkje datamaskina mi.. )
Jeje, eg har ikkje fått lagt ut bilete av dei tri små søte kjeo i fjoset heller, men d kjeme!

Ha ei fine helg alle saman! Håpar på ombyte i vèret.. D blese kaldt og snøen smeltar vekk...
Har du tilgong t brukande Pc Klara, så kan du jo gå inn på www.h-avis.no sitt web tv og sjå/lesa om vår kjære geiteostleverandør..:)

onsdag, februar 15, 2006

Nåken få kveldsord...

Sitte på datarommet på skulen, det er seint, eg er trøtt, svulten, og det er 14 timar sidan eg gjekk frå huset mitt i dag tidleg... For nåken dagar!!

Vore på "kurs" ikveld om akutt-praksis på hest. Flinke hesteveterinær! Har masse å læra... :) veldig masse...
Og i min mangel på bilde - så fann eg jammen meg eit gammalt eit - frå Solheimsvik - med ein Bakka-Fjording og greier... :) Høy-rådder i frå Litlevik så ska øve til Kvilldal.

Å, den som hadde hatt gode sommarferiedagar nå - med bading og vannski på suldalsvatnet, og fisking på heio. Frisk fjelluft..

Hilsen Klara Bakka - som held på og kveles av oslo-lufta akkurat nå..

lørdag, februar 11, 2006

OL har starta, lesesalen kallar....

Endelig helg!! Godt å kunna styra dagane litt sjølv. Men føler draget mot lesesalen (...not). Stod tidleg opp idag, pakka ein tung sekk, koka masse kaffi, kledde på meg masse ull, og kava meg nedover mot trikken... Ute møtte eg masse glade og ski-kledde folk - som var på veg oppover mot nordmarka. -Eg tok trikken nedover mot Adamstuen...

Apropos OL.... Var saman med ein gjeng Kvitsund-jenter i gårkveld; Gunhild imponerar og overraskar stadig! Eg syns det er stort nok at ho blei norgesmester på snowboard i fjor-vinter. Men nå har ho drive med BRYTING i nåken månadar - og plutselig er ho komme med på landslaget - og plutselig er det snakk om å reisa til sommarOL i Beijing...... Nåken som blir med på den transsibirske jernbanen med meg?? :)

Ikveld skal eg på fest til Gro! Blir artig!
Er dårlig med nye bilder for tida - skal prøva å oppdatera meg til ein annan gong.

God helg til alle - Søs og Steinbrus....våre trofast blog-leserar!
(Ps til Synnøve: har kjøpt VAMP billett til konsert på Rockefeller 9.mars...så nå kan du venta deg telefon!!Be there!)

Forslag til ny reunion: viss KISS nåken gong kjem til Norge og har konsert (viss dei fortsatt leve og spele i bandet...). Andre idèar mottas med takk!

Klem Klara*

søndag, februar 05, 2006

Kaisa!


Her e den nye gullklumpen min!!! Kaisa ska hu hetta. Blei litt kvalmen på bilturen, og spydde allerede før me kom t Bryne sentrum.. Men når hu hadde spydd fira gonger var det nokså tomt i magen, så då låg hu strekk ut og sov søtt. Nå har hu fått i seg litt mat og blitt litt varm i trøya...

Sidan eg har flytta tilbars til mor og far for tida, så må også littla Kaisa bu der. (held på m oppussing av bad i det andre huset) Men mor og far e nokså begeistra dei òg for den nye babyen.. (så lenge den idyllen vare, plutseleg bite hu sundt nåke...) Klara du sko verkeleg vore heima nå ja!

lørdag, februar 04, 2006

Navnekonkurranse..

Nå kjeme det snart hund att på Bakka! I måro ska eg reisa ut t Bryne og henta ein liten jente kvalp!! Kan bli ein spennande kjøretur heimover att, men satse på at hu ikkje blir kvalmen, eller tisse og skite i bilen min.. D går sikkert bra!

Men nå må eg finna på namn! E det nåken som har forslag, så kom gjerne med det! Må ha eit litt kort namn, som er enkelt å kommandera..

Snart kjeme der bilder!

fredag, januar 27, 2006

Livet som bonde..


..fridom, glede, motivasjon og humør

Dette va overskrifta på onsdagskveldens kurs for unge bønder i Suldal. Ganske oppkvikkande kveld, flink og løyen foredragshaldar!

Mine notater for kvelden, va m.a.;

- Det du er bevisst, kan du gjera noko med.
- Det du ikkje er bevisst, gjer noko med deg.

******

- Folk som trivst, gjer ein god jobb!

******

- Livet blir det tankane våre gjer det til.

******

MOTIVASJON...
..gir inspirasjon
Inspriasjon..'
..gir kreativitet
Kreativitet..
..gir meining
Meining..
..gir trivsel
Trivsel..
..gir helse
Helse..
..gir god produksjon
God produsjon..
..gir meirproduksjon
Meirproduksjon..
..gir lønnsemd
Lønnsemd..
..gir MOTIVASJON

torsdag, januar 26, 2006

Girl in Oslo...



Dagane flyr... i Oslo. Travle dagar på ambulatorisk. Blir ein del stikking og springing etter hylande griser. Men artig det. Alt bør jo lærast. Og mykje skal lesast, men ennå nokre månadar igjen til eksamen. :-)
Sigrid, bra du får prøva deg litt ut. Skal ikkje vera så lett alltid.... :-)

Håpar på flott skitur i Nordmarka til helga - det er i alle fall heilt fantastisk ute nå. Men eg har desseverre vakt i kveld/natt..

Og nå håpar eg det snart vil komma geiter igjen på Bakka... :-)

tirsdag, januar 24, 2006

HJELP!!

Huff, nå har eg verkeleg rota d t... Tenkte eg va blitt så flink på data i og m at me har fått t denna flotte bloggen vår, men den gong ei... Skulle liksom legga t nåken linkar, men d har eg tydelegvis ikkje fått t! -Klarte i det minste å sletta dei linkane som allerede va.. Eg klarar heller ikkje å logga inn som Sigrid.. åh nei åh nei.. Kan nåken hjelpa meg? Kanskje d bare e Synnøve og Irene som kan det, sidan det omtrent bare e dåkken som vett om denne sida her. :)Altså; eg fann den plassen der eg kunne legge inn URL adressa til linken min, og skreiv inn nåken adresser (men ka e egentleg ei URL adresse? ..) Ka e dåkkas URL adresse foreksempel Synnøve og Irene (og Astrid og Kjetil)?

Tusen takk viss de kan hjelpa meg!!!

Elles alt bra i Kvilldal! Meldt om strålande sol i måro, og det e jo kjekt for nå skine solo heima på garden! Ska sjå m fere på skogen i måro..?

torsdag, januar 19, 2006

Home sweet home

Slik såg det ut på Bakka 30.desember 2005 (FØR snøen kom!!)

DET SNØR DET SNØR....:)

Endeleg e me på banen.. Har vore ein litt trege start på denne bloggen vår, men nå e me forhåpentleg i gong! Godt nytt år til alle! Etter nokre dramatiske sluttminutt i 2005, kom me oss nokonlunde heilskinna inn i 2006!

Glad melding frå Kvilldal 19.jan: -Det snør!! (treng vel ikkje seia meir?)
- Sigrid har funne att ein godt bortgøymt 1000 lapp!!! HURRA!!