Sitte å kikke opp på skihoppet i Holmenkollen..det var jo egentlig der eg skulle vore i dag - i govèret.. Men har tenkt å få til nåken effektive timar på lesesalen. Planen i kveld er Gymnaslærer Pedersen med vår alles kjære Kristoffer.
Har vore spennande dagar i det siste:
Torsdagkveld: Fantastisk Vamp-konsert på fullsatt Rockefeller (kjem tilbake 20.mai til Oslo...)
Fredag: På skulen frå 8 på morgonen til 12 på kvelden. Masse spennande på hesteklinikken.
Lordag: Tannkurs i Fredrikstad. Reiste deretter på impulstur til Spydeberg på vegen heim, der målet var: Stage Dolls-konsert/dans. Me reiste rundt i heile litle Spydeberg og leita og spurte folk...men dei fleste hadde ikkje høyrt om Stage Dolls ein gong... Muddys, Fjellheim, Fredriks og Telegrafen...ingenting... På Telegrafen enda me tilslutt - og her viste det seg å vera lukka party med Henning og Petter. Massse kjendisar her, fekk me høyra, og så blei plutselig dørene lukka opp for oss. Litt forvilla gjekk me rundt og leita etter vår kjære Gro - men ingen Gro, Håvard, eller Helle å sjå...
Tema for festen var Glam/Disco-eit eller anna - så det var ikkje så lett å finna kjendisane innimellom alle dei rare folka. Men Henning blei observert. Og Thomas Alsgård. I alle fall. I Turkis dressjakke.
Det var ein heller litt skuffa gjeng på 4 som sette seg inn i bilen igjen - og kjørte tilbake til Oslo..
Men Stage Dolls kan det jo bli ein annan gong!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar