Å mjølka kyr e eigentleg litt hjernedaudt arbeid, så derfor ein hyllest t tanken;
Til tanken
Kvilelaus og trøytt du støtt må vanke
på leiting etter alt og ingen ting.
Du har ein tung og vonlaus veg, du tanke,
fordi du renner alltid rundt i ring.
Du vil så gjerne nå dei klare tindar
som tøyer seg mot sannings himmelrand,
og der deg svale i dei friske vindar
høgt over fåfengds mørke skuggeland.
Fredlaus er du, dømd te leite etter
dei svar som løyner seg bak skoddeslør.
-Men kanskje herdast du i rimfrostnetter
og finn ein klårveg fram mot livsens dør...
Daniel Solvoll
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar