På Bakka byrjar ein å sjå enden på juleførebuingane. I år har Sigrid verkeleg slått på stortromma og laga både det eine og d andre til jul. Pinnekjøt, fenalår, lammerull, sylteflesk, flatbrød og havrekjeks for å nemne noko. Men d ska også nemnast at ho ikkje akkurat kan stå ansvarleg for alt dette heilt åleine.. 1. juledag finn det o`store familieselskapet stad på Bakka dette året, så då gjeld d å ikkje vera knipen på godsakene..
Klara har vakt i jula, og tek seg av Suldal og Sauda sine sjuke eller evt brunstige dyr i helga. Håpar dyra iallefall held seg friske...
Julekorta er ferdig skrevne og sende. Pakkane ligg under juletreet (snart iallefall). Huset er vaska og pynta. Pinnakjøtet ligg oppi gryta. Askepott og Reisen til Julestjernen er over for i år.
Om nokre timar skyt me jula inn.
Ønskjer dåkken alle ei fin og fredeleg julehelg!!
1 kommentar:
God jul :)
Legg inn en kommentar