torsdag, mars 08, 2007

"Sola glar bak Hermanns`snas.."



"Kongen stupte på Stiklestad
men landet gjorde han fritt.
Sola glar bak Hermanns`snas
og landet er ditt og mitt.
Soga seier så stille
her har det store hendt.
Her er det evige altarljostet
i Norden tent."






Gode dagar i Trøndelag!


















Grethe prøver her å vise sin `snasa..


Kva er vel betre enn å ta seg nokre dagar fri, for å treffe gode venner og få gå litt på ski??


Helgetur til Grethe sin fjellheim i Verdal`n. Nærmare bestemt Havrevollen, med Storhavren og Hermannsnasa som nærmaste nabo.

Det vart ingen Snasa tur i solskin denne gongen heller.. Ved foten av fjellet fann me ut at d var best å snu. Finvèret kom ein dag for seint, men tur på Storhavren fekk me iallefall. Med nokre sveisne telemarksvingar og spektakulære hopp på tur nedover att (dokumentert på film..:))
















Snø, ski, sol, latter, lek, gode venner, god mat, godt prat, gode diskusjonar (nokre hissigare enn andre.. Lenge leve norsk landbruk seie nå eg, men Olav Einar; du kan ikkje halde liv i d åleine...), topptur og nesten topptur..
Gler meg t alle planane våre framøve! Spesielt til sommaren 2008.. ;)
Men ikkje minst Suldalspåske 2007! Alle er velkomne!

1 kommentar:

Gunn-Marit Storemyr sa...

Hei! koselig å lese på bloggen din. Vi hadde en fantastisk bra tur. Gleder meg masse til 2008 og til påska.